Aker BP skal bore vest av Brønnøysund
Foto Dag E. Hareide
Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 6506/5-1 S.
Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaran er Wellesley Petroleum AS (40 prosent).
Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506 og del av blokk 6507. Brønnen blir bora om lag 38 kilometer nordvest for Heidrun-feltet og 230 kilometer vest frå Brønnøysund av boreinnretninga Deepsea Nordkapp.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.