mineraltokt.od

Mineraltoktet vel i hamn

Oljedirektoratet (OD) har igjen jakta mineral på havbotnen – denne gongen med hjelp av ny teknologi, iallfall i denne samanhengen.

Med fartyet Island Valiant har OD vore på eit fem veker langt tokt på Mohnsryggen nordvest i Norskehavet. Tidlegare i veka la fartyet til kai på Hareid på Sunnmøre etter vellukka tokt.

På toktet har operatøren TIOS gjennomført boreoperasjonar på 3000 meter havdjup for å ta prøvar av mineralførekomstar.  Dei siste åra har OD vore på fleire kartleggingstokt, både i samarbeid med Universitetet i Bergen og på eigen kjøl.

I desse førekomstane finst det metall og mineral som er viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

Mohnsryggen er ein oseansk spreiingsrygg som skil to jordskorpeplater, og føremålet med dette toktet var å gjere undersøkingar under havbotnen med å bore grunne hol i mineralfelta og å teste ut boreteknologien på så store havdjup.

Oljedirektoratet er fagdirektorat også for mineral på havbotnen, og har fått i oppdrag av Olje-og energidepartementet å kartleggje og påvise mineralførekomstar i djuphavet. 

Banebrytande operasjonar

Boreoperasjonane blei gjort på meir enn 3000 meter djupt vatn med kveilerøyr, dette er ein samanhengande borestreng som er kveila på rull. I tillegg til TIOS har Island Offshore, Halliburton og Oceaneering vore sentrale for prosjektet. 

«Dette er eit ekte pionertokt», seier leitedirektør Torgeir Stordal i OD.

«Det er første gong det er nytta kveilerøyrteknologi på så store havdjup, og det er første gong slik boreteknologi blir brukt til utforsking av mineral på havbotnen. ».

«Sidan dette er upløgd mark, var vi ikkje sikre på om det ville fungere. Det har det gjort. Vi har tatt mange prøvar som blir nyttige i arbeidet framover», legg han til.

«Kompetanse som norsk industri har opparbeidd seg etter 50 års erfaring frå petroleumsbransjen gjorde at dette nybrottsarbeidet blei vellukka. Norsk teknologi og kompetanse banar veg også på dette området, og viser at vi er leiande innanfor utforsking av mineral på havbotnen».

Skal analysere

Dette er tredje gong OD utfører eigne operasjonar på djupt vatn for å kartleggje potensialet for mineral på havbotnen, og innsamla data og prøvemateriale skal nå analyserast.

«Resultata blir ein viktig del av grunnlaget for å vurdere kor store mengder mineral som finst i desse områda. Dette er ei oppgåve Olje- og energidepartementet har bede OD om å utføre», seier oljedirektør Ingrid Sølvberg.

 

Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
john are 
 
John Are Schei
markedskonsulent,
Mob: 415 22 635
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter