Illustrasjon Vår Energi AS

Pressemelding.

Petroliumstilsynet har gitt Vår Energi AS samtykke til bruk av undervassanlegget på Marulkfeltet utover opprinneleg levetid.

Samtykke for drift av Marulkfeltet går ut 31. desember 2021. For å kunne utvinna dei resterande reservane i feltet, har operatøren Vår Energi, søkt om samtykke til forlenga levetid for undervassanlegget på feltet.

Tilsynet har no gitt samtykke til bruk av undervassinnretninga på Marulk fram til 31. desember 2030.

Marulk ligg i Norskehavet, 25 kilometer sørvest for Norne. Havdjupna i området er 370 meter. Marulk blei påvist i 1992, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 2010. Feltet er bygt ut med ei botnramme kopla til produksjons- og lagerskipet (FPSO) på Nornefeltet. Produksjonen starta i 2012.


Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
john are 
 
John Are Schei
markedskonsulent,
Mob: 415 22 635
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter