Forsinket oppstart på Skarv påvirker produksjonen på Norsk sokkel

Oljeproduksjonen på norsk sokkel er 15 prosent under Oljedirektoratet sin prognose for september.

 

Foreløpige produksjonstal i september 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 514 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 318 000 fat per dag samanlikna med august.

Det totale gassalet var 6,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,2 GSm3 lågare enn månaden før. Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 243 000 fat olje, 205 000 fat NGL og 66 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Skarv påverkar

Oljeproduksjonen på norsk sokkel er 15 prosent under Oljedirektoratet (OD) sin prognose for september. Årsakene er mellom anna planlagt vedlikehaldsarbeid og tekniske problemer på fleire felt. Valhall og Hod har vore stengde i heile september for å førebu produksjonsstart for ny plattform. I tillegg skulle Yme og Skarv etter prognosen ha bidratt til produksjon i september, men desse felta vil ikkje bidra til å nå OD sin prognose for 2012, sjølv om Skarv etter planen skal komme i produksjon i desember.

Når ikkje produksjonsmåla

Oljeproduksjonen ligg  ca 2,0 prosent under prognosen så langt i 2012. Prognosen for resten av året er relativt høg, så det kan bli krevjande å treffe prognosen for oljeproduksjon i 2012 seier Jan Bygdevoll, direktør for prognoser i OD.

Så langt i 2012 er den totale petroleumsproduksjonen om lag 168,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er 67,7 MSm3 o.e olje, om lag om lag 16,7 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 83,8 MSm3 o.e. gass . Totalvolumet er 6,8 MSm3 o.e. høgare enn i same periode 2011. 

Endelege produksjonstal for august 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,498 millionar fat olje, 0,334 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,1 GSm3 gass for sal.

Foreløpige produksjonstal for oktober blir publiserte i november 2012.

Kjelde: Oljedirektoratet

Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
 
Petter Kaasen
annonsekonsulent,
tlf. 75 07 03 84
Mob: 957 33 008
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
tlf. 75 07 03 16
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter