PUD levert for «Maria» på Haltenbanken

 

Oljedirektoratet har mottatt plan for utbygging og drift (PUD) for oljefunnet Maria.

Maria-funnet, som ligg i blokkene 6407/1 og 6406/3 på Haltenbanken i Norskehavet, er Wintershalls første eigenopererte utbyggingsprosjekt.

Funnet er estimert til å innehalde rundt 28,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar, for det meste olje med noko assosiert gass og våtgass (NGL).

Maria ligg 230 kilometer frå land. Vassdjupet i området er 300 meter, og reservoaret ligg rundt 3800 meter under havflata, melder Oljedirektoratet.

To brønnrammer

Etter planen skal Maria byggast ut med eit undervass produksjonsanlegg som består av to brønnrammer, begge med plass for boring og komplettering av opp til fire brønnar. Det skal borast to produsentar og ein vassinjeksjonsbrønn frå kvar brønnramme ved bruk av ei halvt nedsenkbar boreinnretning.

Produksjonsanlegget skal koplast opp mot eksisterande infrastruktur i området.

«Utbyggingsløysinga er spesiell fordi så mange som fire vertar, eller andre innretningar, er involvert. Statoil, som er operatør for desse, har samarbeidd nært om utbygginga med Wintershall. Oljedirektoratet forventer at realisering av ressursane i Maria vil skape meirverdi for alle involverte aktørar, og ikkje minst for det norske samfunnet,» seier Kalmar Ildstad, underdirektør for utbygging og drift Norskehavet.

Lagras på Åsgard A

Brønnstrømmen fra Maria blir sendt til Kristin-plattformen for prosessering og måling. Den stabiliserte olja vil så bli send til produksjons- og lagerskipet Åsgard A for lagring og lossing til skytteltankarar. Rikgassen skal etter planen eksporterast via røyrsystemet Åsgard Transport til Kårstø i Rogaland.

Gass for gassløft av brønnane vil komme frå Åsgard B-plattformen via eksisterande gassrøyr til brønnramma Tyrihans D på Tyrihans-feltet. Her skal røyret for løftegass for Maria bli kopla til.

Vatn som skal brukast til trykkstøtte skal leverast frå Heidrun-plattforma.

Oljedirektoratet er pådrivar for at selskapa på sokkelen skal satse på gode områdeløysningar og effektiv utnytting av eksisterande infrastruktur:

«Dette er ei utbygging som stiller store krav til samarbeid på tvers av utvinningsløyva. Skal vi lukkast med å realisere størst mogleg samfunnsmessige verdiar av olja og gassen på norsk sokkel i tida framover, er vi avhengige av vilje både hjå utbyggar og vert til å få til denne type løysingar,» seier Ildstad.

Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent og Centrica Resources (Norge) AS med 20 prosent. 



 

Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
 
Petter Kaasen
annonsekonsulent,
tlf. 75 07 03 84
Mob: 957 33 008
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
tlf. 75 07 03 16
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter