OMV vil bore i Norskehavet

Deepsea Bergen. Foto: Oddfjell Drilling

Oljedirektoratet har gitt OMW (Norge) AS  boreløyve for brønn 6506/11-10 jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6506/11-10 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen (bilde).

Boreprogrammet for brønn 6506/11-10 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 644 B.

OMW er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil (30 prosent), Faroe Petroleum (20 prosent) og Centrica (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6506/11. Brønnen blir bora om lag 21 kilometer nord for Kristinfeltet.

Utvinningsløyve 644 B vart delt ut 5.2.2016 i TFO 2015. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
 
Petter Kaasen
annonsekonsulent,
tlf. 75 07 03 84
Mob: 957 33 008
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
tlf. 75 07 03 16
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter