Stor oppsluttning om laksevekst

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: NFD.

Etter fleire år med liten vekst har regjeringa opna for meir produksjon i laksenæringa. 47 selskap har søkt om vekst, noko som vil gi oppdrettskommunane og fylkeskommunane over 750 millionar kroner melder Nærings-og fiskeridepartementet.

- Lakseoppdrett er ei viktig næring for Noreg. Dette er det første store løftet på fleire år. Veksten kan gi grunnlag for fleire arbeidsplassar langs heile kysten, seier ein nøgd fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Regjeringa har opna for at næringa kan vokse til saman seks prosent. Veksten blir tildelt i to omgangar, først ein del til fastpris, og deretter resten gjennom auksjon.

Fristen for å søkje om vekst til fastpris gjekk nettopp ut. Tal frå Fiskeridirektoratet viser at det var god oppslutning blant oppdrettsselskapa.

Fiskeridirektoratet har fått inn søknadar frå 47 ulike selskap. Søkarane har til saman betalt inn om lag 947 millionar kroner. 80 prosent av dette går til Havbruksfondet, som igjen gir 70 prosent til laksekommunane og 10 prosent til fylkeskommunane.

- Oppslutninga om tilbodet vårt viser ei næring med stor tru på seg sjølv og store ambisjonar. Dette vil også gi gode inntektar til lokalsamfunna. Kommunane og fylkeskommunane vil få utbetalt over 750 millionar kroner for å vere vertsskap for oppdrettsnæringa. I tillegg kjem pengar frå auksjonen, seier fiskeriministeren.

Auksjonen vil etter planen bli gjennomført i løpet av våren. Målet er at heile veksten er tildelt før sommaren 2018.

Utbetalingar frå havbruksfondet skjer årleg, i oktober.

 

Magasinet

Annonsering

For mer informasjon
og annonsering kontakt

 
 
Petter Kaasen
annonsekonsulent,
tlf. 75 07 03 84
Mob: 957 33 008
 
 
Per-Arne Rødli Rønning
markedssjef,
tlf. 75 07 03 16
Mob: 977 51 390
 

Andre nyheter